Gud signe vårt dyre fedreland



Tekster

  1. 1. Gud signe vårt dyre fedreland

    og lat det som hagen bløma!

    Lat lysa din fred frå fjell til strand

    og vetter for vårsol røma!

    Lat folket som brøder saman bu,

    som kristne det kan seg søma!

  2. 2. Vårt heimland i mørker lenge låg,

    og vankunna ljoset gøymde.

    Men, Gud, du i nåde til oss såg,

    din kjærleik oss ikkje gløymde.

    Du sende ditt ord til Noregs fjell,

    og ljos over landet strøymde.

  3. 3. No er det i Noreg atter dag

    med vårsol og song i skogen.

    Om sædet enn gror på ymist lag,

    det brydder då etter plogen.

    Så signe då Gud det gode såd,

    til groren ein gong er mogen!

Tekst: Elias Blix, 1836–1902

Musikk: C. E. F. Weyse, 1774–1842