Det lyser i stille grender



Tekster

  1. 1. Det lyser i stille grender

    av tindrande ljos i kveld,

    og tusene barnehender

    mot himmelen ljosa held.

  2. 2. Og glade med song dei helsar

    sin broder i himmelhall,

    som kom og vart heimsens Frelsar

    som barn i ein vesal stall.

  3. 3. Der låg han med høy til pute

    og gret på si ringe seng,

    men englane song der ute

    på Betlehems aude eng.

  4. 4. Der song dei for første gongen

    ved natt over Davids by

    den evige himmelsongen

    som alltid er ung og ny,

  5. 5. den songen som atter tonar

    med jubel kvar julenatt

    om barnet, Guds Son, vår sonar,

    som døden for evig batt.

Tekst: Jakob Sande, 1906–1967. © 1990 Gyldendal Norsk Forlag A/S

Musikk: Lars Søraas d.y., 1887–1976. © 1952 Lars Søraas‘ arvinger

Sats: Egil Hovland, f. 1924. © 1985 Egil Hovland

Brukt med tillatelse