1. Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusene barnehender
mot himmelen ljosa held.
2. Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.
3. Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
4. Der song dei for første gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny,
5. den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds Son, vår sonar,
som døden for evig batt.
Tekst: Jakob Sande, 1906–1967. © 1990 Gyldendal Norsk Forlag A/S
Musikk: Lars Søraas d.y., 1887–1976. © 1952 Lars Søraas‘ arvinger
Sats: Egil Hovland, f. 1924. © 1985 Egil Hovland
Brukt med tillatelse