2019
Svik ikkje draumar
September 2019


Svik ikkje draumar

Svik ikkje draumar

Du ein gong hadde

Hald dei i handa kvar dag du får

Gå over bruer og langs etter vegar

Men slepp aldri draumar du ein gong såg.

Søk etter kjelder

Du eigde den gongen

Då snødekte vidder og

Vatnet og fjellet var ditt

Då elver og skodde og langferdsnatta

Var gåver til deg ifrå slekters tid.

Gå kvar du vil

Gjennom krattskog og blaute myr

Kliv berget, sjå fossar

Som stuper i nattsvarte juv.

Hels tre som dei iskalde vindar

Har bøygd imot jord.

Kjenn angen frå luft

Etter drivande skyer og regn

Kvil i mose og lyng,

Sjå dropar som drys ifrå grein.

Alt helsar deg.

Her er din draum.

Her er din heim.

Skriv ut